Hjem Arrangement
- Dette arrangementet er ferdig.
Pitesamisk aften
25 okt, 2023/18:00 - 20:00
GratisVi inviterer til pitesamisk aften i den samiske språkuken. Kveldens program vil være todelt med kaffepause og noe å bite i midtveis. Ann-Charlott Sjaggo vil holde et foredrag om pitesamiske stedsnavn og vi får besøk av Jon Todal som vil fortelle om sin nye bok om pitesamen Edvard Masoni. Arrangementet er gratis.
Velkommen!
Ann Charlotte Sjaggo vil åpne en ny verden for oss ved å gi oss betydningen av pitesamiske stedsnavn i vårt område, slik at vi lettere kan ta til oss det vi ser. Sjaggo har blant annet studert samiske språk ved Umeå universitet, deltatt i arbeidet som resulterte i boka «Pitesamiske stedsnavn i Salten» og gitt ut «Från Sulidälbma till Áhkkábáktte – en ortnamsguide för norra sidan Piteälven i Arjeplogsfjällen».
Jon Todal er professor i samisk sosiolingvistikk ved Sámi allaskuvla i Kautokeino. Han vil snakke om sin rykende ferske bok «Edvard Masoni – ein misjonær i kolonialismens tidsalder». Edvard Masoni (1870 – 1930) voks opp i ein fattig pitesamisk husmannsfamilie på norsk side av riksgrensa. Begge foreldra hans hadde før dei vart husmenn, drive reindrift med sommarbeite på Saltfjellet. Masoni levde eit uvanleg hendingsrikt liv på tre kontinent. Han var utdanna teolog frå misjonsskolen i Stavanger, og reiste til Kina som misjonær i 1897. To år etter at han kom dit, braut det ut eit opprør i landet, eit opprør med sterke antivestlege innslag. Mange vestlege misjonærar vart drepne under opprøret, og alle norske misjonærar reiste då heim – bortsett frå Edvard Masoni. I 1903 reiste Masoni til USA og utdanna seg til lege. I 1909 kom han heim til Norge og engasjerte seg nokre år sterkt i kampen for samiske rettigheiter og samisk språk. Han kjempa for politiske idear som femti år seinare vart ført vidare av den moderne samerørsla, og som først rundt 1990 fekk gjennomslag. Edvard Masoni vart slik ein viktig del av samisk historie. Han engasjerte seg òg for urfolk i USA og vidare for alle folk i Asia og Afrika som på denne tida var koloniserte av europeiske stormakter. I 1912 reiste han tilbake til Kina, akkurat då keisardømmet fall. Deretter praktiserte han som lege på den kinesiske landsbygda i mange år fram til han reiste heim til Norge på slutten av 1920-talet.
PS! Jon Todal kan du også treffe på «Litterær lunsj» i Stormen, Speilsalen torsdag 26. oktober klokka 12.
Se flere arrangementer.